Styret i Sogn og Fjordane avdeling etter årsmøtet 2017

søndag, 19 februar 2017

Leiar:  
Johannes Nedrebø, Vereide, 6823 Sandane  
Tlf. 57869386 / 97034378 Denne e-postadressen er beskyttet mot programmer som samler e-postadresser. Du må aktivere javaskript for å kunne se den.

Årsmøte 2017

tirsdag, 31 januar 2017

Avdelinga hadde årsmøte på Skei laurdag 18. februar. Det var bra mange oppmøtte, og vi hadde besøk av aktivitetskoordinator Alf Seim.

Årsmøte 2016

mandag, 07 mars 2016

Avdelinga hadde årsmøte på Skei torsdag 25. februar. Det var bra mange oppmøtte, og vi hadde besøk av generalsekretær Elisabeth Fjellvang Kristoffersen og regionsekretær Alf Seim.

Ny stor avdeling i Sogn og Fjordane

mandag, 07 mars 2016

Dei tre tidlegare avdelingane Sandane, Indre Sunnfjord og Ytre Sunnfjord vedtok i 2015 å slå seg saman. Her er også med medlemmene frå tidlegare Indre Sogn avdeling og frå resten av Sogn.

Årsmøte 2015

fredag, 23 januar 2015

Sandane avdeling hadde årsmøte 22. januar på Gloppebua. 

I tillegg til vanlege årsmøtesaker drøfta vi muleg samanslåing med Ytre og Indre Sunnfjord avdelingar. Styret fekk fullmakt til å arbeide for dette.

John Valør rapporterte frå landsmøtet i 2014, og vi hadde ei god matøkt.

Trafikkløp i Nordfjord

onsdag, 06 april 2011


 Nordfjordavdelingane av MA  har dei siste åra samarbeidd  om å arrangere trafikkløp ein  fridag på våren.  Vi har  veksla mellom kvar løpet har  vore. Dei siste åra har vi hatt  eit fint opplegg i Stryn, men det er usikkert om det blir løp i år.  Vi brukar å ha løpet i  månadsskiftet mai/juni.  Men  dette skal det kome nærmare informasjon om etter kvart.

 

Løpet skal vere med å stimulere til auka tryggleik og dugleik i trafikken, og er sett saman av ein liten teoretisk del og så eit postløp som krev ei viss presisjonskøyring, men likevel ikkje verre enn at ein godt kan prøve seg utan å ha lege i hardtrening.